Just for One Day (Heroes)

Just for One Day (Heroes)
Singel av David Guetta vs. Bowie
frå albumet Fuck Me I'm Famous 2003
Utgjeve 16. juni 2003
Innspelt 2003
Sjanger
Lengd 3:00
Selskap Virgin
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Guetta-kronologi 
«Give Me Something»
(2002)
Just for One Day (Heroes) «Money»
(2004)


«Just for One Day (Heroes)» er ein housesong framført av den franske DJ-en David Guetta, med vokal frå songaren David Bowie. Songen kom ut som den første singelen frå samlealbumet til Guetta, Fuck Me I'm Famous 2003 i juni 2003 og vart òg rekna som den femte singelen frå debutalbumet hans, Just a Little More Love. Songen samplar Bowie-songen «"Heroes"». Songen er offisielt tilskriven 'David Guetta vs. Bowie'. Singelen nådde 73. plassen på UK Singles Chart i juli 2003.[1] Musikkvideoen for «Just for One Day (Heroes)» kan finnast på YouTube. Han inneheld ei gruppe av folk som festar på eit raveparty medan Guetta framfører songen i bakgrunnen..[2]

  • Tysk CD-singel[3]
  1. «Just For One Day (Heroes)» (radioversjon) – 3:00
  2. «Just For One Day (Heroes)» (extended version) – 6:39
  3. «Distortion» (Maxi Vocal Remix) – 7:02
  • Fransk CD-singel[4]
  1. «Just For One Day (Heroes)» (radioversjon) – 3:00
  2. «Just A Little More Love» (Wally Lopez Remix Edit) – 3:45
  3. «Distortion» (Maxi Vocal Remix) – 7:02
  4. «Just For One Day (Heroes)» (music video) – 3:00

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (2004) Plassering[5]
Den franske singellista 54
Italia (FIMI)[6] 40
UK Singles Chart 73