Just For You Studioalbum av Neil Diamond | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. september 1967 | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | Pop, rock | |
Lengd | 30:15 | |
Selskap | Bang Records | |
Produsent | Jeff Barry, Ellie Greenwich | |
Neil Diamond-kronologi | ||
---|---|---|
The Feel of Neil Diamond (1966) |
Just For You | Velvet Gloves and Spit (1968)
|
Just for You er det andre albumet til Neil Diamond. Som debutplata har albumet aldri blitt gjeve ut på CD, men alle utanom to songar finst på samleplata Classics: The Early Years. Dette var det første Diamond-albumet som berre bestod av songar han hadde skrive sjølv, og det siste albumet hans for Bang Records.
På eit eller anna tidspunkt vart alle songane på albumet gjevne ut som A- eller B-sider av ein singel og mange av dei vart store hittar: «You Got to Me» (18. plass), «Girl, You'll Be a Woman Soon» (10. plass), «Thank the Lord for the Night Time» (13. plass), «Red Red Wine» (62. plass) og «Shilo». Den eitt år gamle hitten, «Cherry Cherry» (frå debutalbumet til Diamond) finst av ein eller annan grunn òg på albumet, medan den hitten han hadde då albumet kom ut, «Kentucky Woman» (22. plass) ikkje finst der. «Solitary Man» er òg på både dette og debutalbumet. Denne versjonen vart gjeve ut at på singel i 1970 og nådde då 21. plassen på singellista i USA.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | lenkje |
Alle songar er skrivne av Neil Diamond.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Girl, You'll Be a Woman Soon» | 2:48 |
2. | «The Long Way Home» | 2:29 |
3. | «Red Red Wine» | 2:42 |
4. | «You'll Forget» | 2:50 |
5. | «The Boat That I Row» | 2:40 |
6. | «Cherry, Cherry» | 2:27 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «I'm a Believer» | 2:43 |
8. | «Shilo» | 3:23 |
9. | «You Got to Me» | 2:45 |
10. | «Solitary Man» | 2:33 |
11. | «Thank the Lord for the Night Time» | 2:55 |