65°3′31.730″N 20°2′20.627″E / 65.05881389°N 20.03906306°E
Jörn er ein svensk tettstad i Skellefteå kommun i Västerbottens län i landskapet Västerbotten. I 2005 hadde tettstaden 877 innbyggjarar. Jörn ligg cirka 65 kilometer vest for Skellefteå.
Jörn ligg ved Stambanan genom övre Norrland, og var tidlegare eit jernbaneknutepunkt med ei jernbanelinje til Arvidsjaur på Inlandsbanan. Det har ikkje vore trafikk på jernbanelinja Jörn-Arvidsjaur sidan 1990.[1]
Den første tida etter at Stambanan genom övre Norrland opna gjekk toga berre på dagtid, og Jörn blei overnattingsstasjon med ikkje mindre enn seks hotell på eit tidspunkt. Lenin skal ha overnatta på jernbanehotellet i Jörn på togreisa si frå Sveits til St. Petersburg i revolusjonsåret 1917.[2]