Jøran Kallmyr | |||
| |||
Fødd | 15. april 1978 (46 år) Fræna | ||
---|---|---|---|
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | jurist, politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Justis- og innvandringsminister 29. mars 2019 – | ||
Føregangar | Tor Mikkel Wara | ||
Verv | Statssekretær i Justisdepartementet 17. oktober 2014 – 19. februar 2016 | ||
Verv | Byråd for miljø og samferdsle i Oslo kommune 2007 – 2011 | ||
Alle verv |
|
Jøran André Smedal Kallmyr (fødd 15. april 1978) er ein norsk jurist og politikar for Frp som sidan 29. mars 2019 er norsk justis- og innvandringsminister. Han har tidlegare vore statssekretær i Justisdepartementet, byråd for miljø og samferdsle i Oslo og har jobba som advokat.[1][2] Kallmyr tok over posten frå Tor Mikkel Wara som trekte seg etter at sambuaren hans vart sikta for å ha dikta opp ei straffbar handling.[3]
Tidlegare har Kallmyr hatt fleire verv i FpU. Han har vore formann i Møre og Romsdal FpU og i Oslo FpU, og sat i sentralstyret frå 2004–2006.[2]