Kai Eide | |||
| |||
Fødd | 28. februar 1949 Sarpsborg kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre, Arbeidarpartiet | ||
Yrke | diplomat, politikar | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Ektefelle | Gro Holm | ||
Alle verv |
|
Kai Aage Eide (fødd 28. februar 1949 i Sarpsborg) er ein norsk diplomat og tidlegare politikar for Høgre.
Han har ein lang diplomatisk karriere i teneste for Noreg, SN og NATO, med internasjonal tryggleikspolitikk og krisehandtering som arbeidsfelt. Eide har vore ambassadør ved ei rekkje norske utanriksstasjonar, og var norsk ambassadør til OSSE 1998–2002 og til NATO 2002–2006, og dessutan SN sin spesialutsending til Afghanistan 2008–2010. Eide er ein flittig skribent og har vore mykje brukt som foredragshaldar. Han var lenge politisk aktiv i Høgre, blant anna som statssekretær for Jan P. Syse 1989–1990, men er i dag medlem av Arbeidarpartiet. Eide var norsk ambassadør til Sverige til 2017.