Kai Sjøberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. april 1936 |
Død | 15. september 1994 (58 år) |
Idrett | fotball |
Kai Sjøberg (29. april 1936–15. september 1994) var ein friidrettsutøvar og fotballspelar frå Eidsvoll i Akershus. Han vart norsk meister på 400 meter hekk i 1956 og cupmeister 1963 og 1965, samt seriemeister 1966 med fotballaget Skeid. På fotballbana var han senterløpar med hovudspel som sin fremste styrke.
Sjøberg var medlem av Oslo-laget IF Torodd då han tevla i toppen av norsk friidrett. Han spesialiserte seg i 400 meter hekkeløp, der han i åra frå 1954 til 1959 sikra seg fem NM-medaljar i øvinga. Omframt gullmedalje i 1956, vann han to sølvmedaljar og like mange bronsemedaljar. Tidsmessig forbetra han seg frå 55,0 sekund i 1954 til 54,6 i 1955. 1956-sesongen Sjøberg landets bestemann på langhekken, flytta sitt personbeste fire gongar, sist til 53,1 på Bislett stadion den 10. oktober. Under noregsmeisterskapen i Stavanger slo han andremann med 1,6 sekund. 1. september 1957 vann han øvinga i landskamp mot DDR i Leipzig på årsbeste 53,4. I august 1958 forbetra seg fyrst til 52,9 i landskamp mot Romania, for så å verte klokka inn på 52,6 den 25. august. Trass i at han då presterte livsbeste, måtte han oftare sjå ryggen på den nye norske langhekks-einaren, Jan Gulbrandsen. År 1959 deltok Sjøberg i NM, men satsinga på friidrett var over.
År 1960 spelte Sjøberg fotball på laget til Hugin i divisjon 4. Frå 1961 til 1970 var han aktiv for IK Skeid, eit lag som i denne perioden var eitt av Noregs beste fotballag. År 1963 enda Oslo-laget på tredjeplass i 1. divisjon. Sesongen vart avslutta med cupfinale mot Fredrikstad FK på Ullevaal stadion. Her utlikna Sjøberg til 1–1 før spisskollega Pål Sæthrang avgjorde kampen til 2–1 i andre ekstraomgang. To år seinare måtte det tre finalekampar til før Skeid-spelarane kunne heve kongepokalen. Sjøberg bidrog med ei skåring i den fyrste finalekampen på Ullevaal stadion. I 1966 vart Skeid seriemeister for fyrste og siste gong. Saman med målvakta Kjell Kaspersen, stopparen Frank Olafsen, midtbanespelaren Trygve Bornø og spissmakkar Pål Sæthrang, utgjorde Skjøberg ryggrada i meisterlaget.
Sjøberg slutta i Skeid i 1970. Sidan var han aktiv for andredivisjonslaget Eidsvold Turn åra mellom 1972 og 1974. Etter den tid spelte han i tre sesongar med Eidsvold IF i 5. disvisjon.
I sin landslagsdebut i fotball, på Lerkendal stadion 27. mai 1965, la Sjøberg på til 3–2 då Noreg slo Luxemburg 4–2 i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 1966. Tre veker seinare var han med på den historiske 3–0-sigeren over Jugoslavia på Ullevaal stadion. I hans landskamp nummer 3 og 4, høvesvis mot Frankrike på heimebane hausten 1965, og mot Portugal på bortebane i november 1967, vart det eittmålstap.