Kapilar (tamil கபிலர்) var ein tamilsk diktar frå den klassiske tida i Tamil Nadu. Medan han levde var han rekna som den kunnigaste diktaren i dei tamiltalande landa.
Lite er kjend om Kapilar sitt liv. Han var ikkje bunden til éin konge, som mange skaldar i tida hans var, men vandra mellom ulike kongedøme. Han var ofte hjå Vel Pari, velirhøvdingen for fyrstedømet Parampu, som han skildrar i dikta sine som ein god ven. Han spelte ei viktig rolle i forsvaret av Parampu i krigen mot dei sameina hærane frå Chola-, Chera-, og Pandiya-riket. Tamilske legender seier at Kapilar lærte fuglane og smådyra opp til å henta riskorn frå åkrar i nærområdet, noko som lét Parampu overleva omleiringa i tre år.
Omleiringa slutta med drapet på Pari og nederlag for Parampu etter at nokre soldatar sveik landet sitt. Kapilar sine siste dikt i Purananuru skildrar korleis han tok Pari sine døtrer til fleire kongar for å finna makar til dei. Men kvar herskar nekta å gifta seg med dei, fordi dei reddast dei tre storkongane som hadde kjempa mot Pari. Kapilar spådde at rika deira ville verta til inkjes for vanvyrdnaden dei hadde vist han. Han gav døtrene til Pari i varetekt til nokre brahminar og drog til skogs. Overskrifta til det siste diktet han skreiv fortel at han døydde ved å svelta seg i hel etter vadakkirutthal-riten.
Mange av Kapilar sine dikt har overlevd i Ettutokai, åtte tradisjonelle samlingar av klassiske tamilske dikt. I tillegg har Kurinchippattu, ein lengre song, og Inna narpathu, ei samling av korte dikt som skildrar førti sorgbringande ting, også overlevd.
Det var sagt at Kapilar hadde ei særleg evne til å laga dikt på ståande fot med intrikat bruk av metaforar for å vekkja sterke kjensler. Dette diktet, som han kvede medan han forlét Parampu etter drapet på Pari, er eit døme:
Dikta som Kapilar skreiv på vanleg måte var kjende for ein delikat bruk av naturmetaforane som var kjernen i den klassiske tamilske diktingstradisjonen, noko dette diktet viser:
Metaforen av det torande ljodet av ein storm og det mjuke ljodet av småfossane som følgjar etter ein slik storm i det tamilske fjellandet er brukt her for å skildra korleis kjærleik utviklar seg. Sjølv om dei sterk, torande kjenslene kan ikkje vera i æve, kjem det likevel søte, mjuke kjensler i staden for dei.