Karen Hækkerup | |||
| |||
Fødd | Karen Angelo Schmidt 12. juni 1974 (50 år) Hillerød | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Socialdemokratiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet Odense Katedralskole | ||
Ektefelle | Ole Hækkerup | ||
Alle verv |
Karen Angelo Hækkerup (fødd 12. juni 1974 i Hillerød) er ein tidlegare dansk politikar for Socialdemokraterne.
Hækkerup er dotter av læraren Erik Debois og psykologen Kirsten Angelo Schmidt. Ho er gift med folketingsmedlemmet Ole Hækkerup, og busett i Dragør på Amager. Med dette er ho også svigerinna av folketingsmedlem og minister Nick Hækkerup og svigerdottera av tidlegare folketingsmedlem Klaus Hækkerup. Karen Hækkerup har studentereksamen frå Odense Katedralskole fra 1993, studium i historie frå Odense Universitet frå 1994/1995 og kandidatutdanning i statsvitskap frå Københavns Universitet frå 2010.[1]
Hækkerup var medlem av Københavns borgarrepresentasjon 1998–2005 og medlem av Folketinget for Københavns amtskrins 2005–2007 (nominert frå Amager krins) og for Københavns storkrins (nominert frå Tårnby krins) 2007–2014. Hækkerup var sosial- og integreringsminister 2011–2013, matvareminister i 2013 og justisminister 2013–2014.[1]
I 2014 søkte Hækkerup avskjed frå dei politiske verva sine for å tiltre som administrerande direktør i interesseorganisasjonen til bøndene og næringsmiddelindustrien Landbrug & Fødevarer.[2][3]