Kari Nessa Nordtun | |||
| |||
Fødd | 7. juni 1986 (38 år) Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Institusjonar | Advokatfirmaet Elden | ||
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen | ||
Far | Tore Nordtun | ||
Verv | Ordførar i Stavanger | ||
Føregangar | Christine Sagen Helgø | ||
Etterfylgjar | Sissel Knutsen Hegdal | ||
Alle verv |
Kari Nessa Nordtun (fødd 7. juni 1986) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som var ordførar i Stavanger kommune frå oktober 2019 til oktober 2023.[1][2] Sidan oktober 2023 har ho vore kunnskapsminister i regjeringa Støre.[3][4]
Kari Nessa Nordtun er dotter av den tidlegare ordføraren i Stavanger og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Tore Nordtun. Nessa Nordtun var elev ved Stavanger katedralskule.[5]
Nordtun er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen. Etter ho fullførte utdanninga si yrkte ho som advokatfullmektig og seinare som advokat for advokatfirmaet Sjødin, Meling & Co, og dinest for advokatfirmaet Elden DA. I samband med 22 juli-saka var Nordtun mellom anna bistandsadvokat for fornærma og etterlatne. Ho har permisjon frå yrket som advokat for å driva politisk arbeid.[6]
Nordtun har vore folkevald i Stavanger bystyre sidan 2011. Ho har vore medlem av formannskapet i Stavanger frå 2013, kommunalutvalet frå 2015 og kommunalstyret for byutvikling i Stavanger frå 2015. Frå januar 2017 var ho gruppeleiar for Stavanger Arbeiderparti si bystyregruppe.
Ved kommunevalet 2019 vart Arbeiderpartiet det største partiet i Stavanger med 25,4 % av røystene. Partiet gjekk veikt tilbake, men mykje mindre tilbake enn i resten av landet og fekk ved valet høgare oppslutnad i Stavanger enn i Oslo, Bergen og Trondheim. Etter valet leia Nordtun ein fleirtalskoalisjon med støtte frå Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger, MDG, Raudt, Senterpartiet og SV.[7]
Medan oppslutnaden til Arbeidarpartiet gjekk markant ned fleire stader i landet, ende Arbeidarpartiet i Stavanger til topps med 32,1 % oppslutnad, og vart det største partiet i Stavanger ved kommunevalet i 2023.[8][9] Noko av årsaka til den høge oppslutnaden kunne skuldast innføringa av gratis kollektiv månader før valet.[10] Arbeidarpartiet greidde likevel ikkje å danna eit formannskap.[9][11]
Ved valet, både i 2019 og 2023, fekk Nessa Nordtun flest personstemmer i kommunen.[12][13]
Etter at ho gjekk av som ordførar i Stavanger, vart ho tilbode ministerpost i regjeringa Støre. Ho vart utnemnd til kunnskapsminister den 16. oktober 2023.[3]