Karlevisteinen er den fremste runesteinen på Øland i Sverige og ein av dei mest interessante runesteinane i det heile. Den er reist til minne om ein dansk høvding, medan små trekk ved språket syner at ein norsk eller islandsk skald har rista runene, truleg ein som har vore med i følgjet til høvdingen. Runeinnskrifta inneheld det eldste, originale skaldediktet vi kjenner.
Steinen står på ein åker ved Karlevi by på vestsida av Øland, like ved Kalmarsund. Plasseringa er uvanleg, sidan det er eit godt stykke til busetnad. Steinen, av typen grå sandstein, er 1,4 meter høg, 1 meter brei og 0,8 meter tjukk. Den står på ein liten haug, 0,7 meter høg, og er tidfest til rundt år 1000 e. Kr. Ifølgje innskrifta er den reist til minne om den danske høvdingen Sibbe den gode Foldarsson, eit namn som elles er ukjent.
Steinen står på sin opphavlege plass, men neppe i si opphavlege stilling, sidan den har blitt kasta over ende fleire gonger. Ei teikning frå 1600-talet syner at det har vore to gravhaugar like ved steinen. Dei er no borte. Etter innskrifta vart den døde gravlagt i ein av dei.
Runeteikna er frå 9 til 13 centimeter høge og dekker heile eller delar av tre sider. Dei er hogne inn mellom parallelle strekar som avgrensar og skil radene. Teksten består av to delar, ein prosadel og eit skaldedikt. Steinen er skadd på to stader slik at nokre teikn i starten og slutten av prosainnskrifa er uleselege.
Runeinnskrifta lyder med latinske bokstavar:
+ s-a... --(s)- (i)-- * satr * ai(f)tir * si(b)(a) * kuþa * sun * fultars * in hons ** liþi * sati * at * u * -ausa-(þ)-... +: fulkin : likr : hins : fulkþu : flaistr (:)* uisi : þat * maistar * taiþir : tulka : þruþar : traukr : i : þaimsi * huki * munat : raiþ:uiþur : raþa : rukstarkr * i * tanmarku : --(n)tils : iarmun**kruntar : urkrontari : lonti
S[t]æ[inn] [sa]s[i] es sattr æftiR Sibba Goða, sun Fuldars, en hans liði satti at ... ...
|
Denne steinen er sett opp til minne om Sibbe gode Foldarsson, og følgjet hans sette på ...
|
Denne steinen er sett til minne om Sibbe den gode, Foldarsson, og følgjet hans sette på ... ...
|
Skaldediktet er i versemålet drottkvætt, som var det gjævaste i skaldediktinga og vart brukt i dikt til kongar. Det er kjenneteikna ved snirklete oppbygging og eit symbolspråk med poetiske omskrivingar (kjenningar).
At steinen står isolert på ei øde strand, tyder på at Sibbe har lete livet medan han drog forbi og har blitt hauglagt av følgjet sitt. Nokre meiner at steinen er reist av danskar som var på veg heim etter å ha delteke i slaget ved Fyrisvollane utanfor Uppsala omkring år 985.
Baksida av steinen inneheld ei yngre innskrift med latinske bokstavar. Den lyder In nomin[e] (?) Ie[su] (?), som kan tyda «I namnet til Jesus».