Kaska Dene Zágéʼ | ||
Klassifisering | Na-dené Athabaskisk Nordathabaskisk Sentral-Cordillera | |
Bruk | ||
Kaskatalande i alt | 240 (2016[1]) | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | kkz | |
Glottolog | kask1239
|
Kaska er eit språk i athabaskafamilien.[2] Det blir snakka i Canada, i dei sørvestre delane av Nordvestterritoria, dei søraustre delane av Yukon og den nordre delen av Britisk Columbia.[2][3] Kaska blir snakka i Fort Ware i Nordvestterritoria; Ross River og Watson Lake in Yukon og Dease Lake, Good Hope Lake, Lower Post, Fireside, og Muncho Lake i Britisk Columbia.[2][3][4] Watson Lake vart grunnlagt under andre verdskrigen då Alaska Highway vart opna i 1942.[4] Det er inga overdriving å seie at det var først då kaskasamfunnet verkeleg kom i kontakt med vesteuropeiske innvandrarar. Som eit resultat av dette var tok språkskifteprosessen frå kaska til engelsk til.[3][4] Ein annan viktig faktor i språkskifteprosessen var internatskolane som vart etablert.
Labial | Alveolar | Post-al. /Palatal |
Velar | Glottal | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
sentral | lateral | ||||||
Nasal | vanleg | m | n | ||||
glottalisert | |||||||
Lukkelyd | tenuis /aspirert |
p pʰ |
t tʰ |
k kʰ |
ʔ | ||
ejektiv | tʼ | kʼ | |||||
Affrikat | ustemt /stemt |
ts tsʰ |
tɬ tɬʰ |
tʃ tʃʰ |
|||
ejektiv | tsʼ | tɬʼ | tʃʼ | ||||
Frikativ | ustemt /stemt |
f |
s z |
ɬ |
ʃ ʒ |
ʁ |
h |
glottalisert | |||||||
Approksimant | vanleg | l | j | ||||
glottalisert | |||||||
R-lyd | vanleg | r | |||||
glottalisert |
Kaska har eit vanleg femvokalsystem, med vokalane /a/, /e/, /i/, /o/, and /u/. Vokalane kan vere lang, kort og nasalisert, og dei kan ha ulik tonekontur (høg, fallande og stigande). Resultatet blir rundt 60 ulike vokallydar.
Kaska er eit polysyntetisk språk. Det er eit SOV-språk. Verbet blir bøygd med prefiks, verbet har opptil ni prefiksposisjonar. Kaska har ikkje grammatisk genus.
Eittordssetningar består av eit verb er vanlege i kaska. Prefiksa i kaska blir delt opp i tre felt: disjunkte prefiks, konjunkte prefiks og verbtema. Jf. O'Donnell sitt diagram over verbet i kaska.
Disjunkte prefiks | Konjunkte prefiks | verbtema | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Oblique Object | Postposition | Distributive Plural | Subject Agreement II | Direct Object | Mood/Aspect | Subject Agreement I | Thematic Prefix | Classifier | Verb Stem |
Verbtemaet inneheld, verbstammen, som kjem rett etter ein av tre klassifikatorar (-h-, -l-, -d-), eller klassifikatoren kan mangle.
Verbet stor utan klassifikator viss det er eit intransitivt og/eller stativt verb.
Klassifikatoren -h-, kjend som ł -klassifikator i athabaskalitteraturen, markerer transitivitet og/eller kausativitet. Viss verbet står i 1. person eintal (markert med prefiks s-) manglar -h-.
-d-klassifikatoren har ein litt meir kompleks funksjon: Han markerer benefaktive verb som viser til talaren, refleksive, resiproke og iterative (merka med prefikset ne-) verb, og passivar.
-l- klassifikatoren kombinerer funksjonane til -d- og -h- (ł) klassifikatorane.
Konjunktfeltet, som er mellom disjunktprefiksa og verbtemaprefiksa, inneheld prefiks som fortel om subjekt, direkte objekt og modus og aspekt. Ved subjektmarkering skil kaska syntaktisk mellom "subjekt I" og "subjekt II" prefiks (subjekt II-prefiksa står i dei grå boksane til venstre i tabellen under.
Singularis | Pluralis | |
---|---|---|
Førsteperson | s- | dze- |
Andreperson | n- | ah- |
Tredjeperson | Ø- | ge- |
Singularis | Pluralis | |
---|---|---|
Førsteperson | se- | gu- |
Andreperson | ne- | neh- |
Tredjeperson | Ø-/ye- | ge- |
Subjekt I-markørane står til slutt i konjunktfeltet, der subjekt II-markørane står først i konjunktfeltet.
Markeringa av direkte objektet står til høgre i tabellen. markeringa av tredje person singularis er avhengig av subjektet i setninga: Viss subjektet er første eller andre person, er ikkje objektet markert, men viss subjektet er trendje person blir tredjeposisjonsobjektet markert med ye-.
Disjunktfeltet inneheld adberbiale og derivasjonelle prefiks, og det negative prefikse dū- og det distributive fleirtalsprefikset né-, som sett subjekt som elles er dual (og i visse tilfelle eintalsobjekt) i fleirtal. Dette distributive prefikset markerer numerus på argumenta i setninga, viss dei ikkje er markert av subjekt- eller objektprefiksa, eller frå konteksten. Prerikset ɬe- markerer duale subjekt i i alle fall ei verbfrase: "å sitje." Postposisjonar, som ts'i'- ("til") og yé- ("om"), står også i disjunktfeltet, i lag med markørane for oblike objekt i tabellen under.
Singularis | Pluralis | |
---|---|---|
Førsteperson | es- | gu- |
Andreperson | ne- | neh- |
Tredjeperson | me- | ge- |
Kaska uttrykker tidsreferanse gjennom aspektmarkering, som i litteraturen blir kalla modus (modes) i litteraturen om athabaskaspråk. Desse prefiksa uttrykker imperfektive, perfektive og optative aspekt.
Det umarkerte imperfektiv uttrykker uavslutta handling.
Perfektiv modus (prefiks n-) fungerer stort sett i opposisjon til imperfektiv, og uttrykker avslutta handling.
Modus optativ (prefiks u- i lag med suffiks -í) uttrykker urealisert og ønskt aktivitet.
Viss setninga inneheld to uavhengige nomen er rekkjefølgja SOV.
Der berre eitt argument er synleg blir subjektet og objektet halde frå kvarandre med verbprefiks:
Leddsetningar er markert med eit suffiks -i eller -í som står foran den uavhengige setninga:
"Mens han åt såg han på oss."
Med 300 talarar i 2011, reknar Ethnologue kaska som Status 7 (shifting). Dei fleste talarane er over 55[3] trass i fire språksamfunn (Good Hope Lake, Lower Post, Watson Lake og Ross River) der språket er undervisningsfag i skolen.[7] Kaska-ungane blir likevel ikkje kaskatalarar, fordi foreldrane deira ikkje bruker kaska heime.[4] Kaskafolket ser likevel på språket som viktig, og arbeider med ulike aktivitetar for revitalisering.[8]