Kavli | |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 913344162 | ||
Bransje | Næringsmiddelindustri | ||
Skipa | 30. april 1893 | ||
Morselskap | Kavlifondet | ||
Hovudkontor | Midtun | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | næringsmiddel | ||
Grunnleggjar(ar) | Olav Kavli | ||
Nettstad | http://www.kavli.no/, https://www.kavli.com/ (engelsk) |
Kavli er eit norsk konsern innan produksjon og marknadsføring av næringsmiddel med «Kavli» som overordna merkevarenemning. Verksemda vart etablert i 1893 av Olav Kavli.
Kavli har i dag produksjon i Noreg, Sverige, Danmark og Storbritannia. Til konsernet høyrer blant anna Q-meieriene som foredlar og marknadsfører meieriprodukt under varemerket «Q» og Vestfold Flatbrødfabrik med «Korni». «Primula» er eit anna av varemerka til verksemda, registrert i 1924 då den første smørbare osten vart lansert.
Kavli Holding AS har hovudkontor i Bergen, og er heileigd av Kavlifondet (O. Kavli og Knut Kavlis Almennyttige Fond), som vart oppretta i 1962 av Knut Kavli, Olav Kavlis son.