Kara er ein armring av jern eller stål bore av sikhar som ein av dei fem K-ane i sikhismen. Det står for lojalitet, forplikting og sameining med Gud.[1]
Khalsamedlemmer av begge kjønn ber kara på høgre arm (om dei er høgrehendte). Historisk kunne armringane brukast til å verna armen mot sverdslag. I dag kan ringen tena til å minna beraren om å følgja forpliktingane som følgjer med sikhismen.[2]
Kara blir også brukt av panjabiarar og andre frå Nord- og Vest-India som ikkje nødvendigvis er sikhar.[3]