Keep It Dark Singel av Genesis frå albumet Abacab | ||
B-side |
Naminanu | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. oktober 1981 | |
Innspelt | 1981 | |
Sjanger | Rock, postpunk, industriell[1] | |
Lengd | 4:32 | |
Selskap | Charisma/Virgin | |
Komponist | Tony Banks | |
Låtskrivar(ar) | Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford | |
Produsent | Genesis, Hugh Padgham | |
Genesis-kronologi | ||
«No Reply at All» (1981) |
Keep It Dark | «Man on the Corner» (1982)
|
«Keep It Dark» er ein song av det britiske bandet Genesis frå albumet Abacab i 1981 og som 23. oktober 1981 vart gjeven ut som singel i Europa. Han nådde 33. plass på UK Singles Chart.[2]
Songen er ein lett rockesong som skildrar ein mann som vert bortført av romvesen og teken til ei lys, lukkeleg verd. Når han kjem attende føler han seg nøydd til å lyge om hending (halde det mørkt, keep it dark) og i staden hevde at han vart kidnappa av tjuvar som ville ha pengane hans. Teksten fokuserer på ironien med at ei makaber løgn er meir truverdig enn ei lukkeleg sanning.
Songstrukturen er uvanleg og rytmen er i 3/2-takt, med ein særeigen synkopert rytmegitar. Songaren Phil Collins syng somme linjer av songen i falsett.