Kenny Morris | |||
Fødd | 1. februar 1957 (68 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Essex | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | Post-punk | ||
Instrument | Guitar | ||
Tilknytte artistar | Siouxsie and the Banshees | ||
Verka som | Musikar Painting, drawing |
Kenny Morris (fødd 1. februar 1957 Kenneth Ian Morris) er ein engelsk trommeslagar og låtskrivar. Han var den første trommeslagaren som spelte på ei studioplate med Siouxsie and the Banshees. Han vart med i bandet i januar 1977 og fram til september 1979. Han var kjend for å hovudsakleg spele på tom-tom-trommene og er blitt omtalt som ei stor inspirasjonskjelde for fleire trommeslagarar innan post-punk, som Stephen Morris frå Joy Division,[1] Kevin Haskins frå Bauhaus,[2] og Paul Ferguson frå Killing Joke.[3]
Morris spelte på albuma The Scream i 1978 og Join Hands frå 1979.