Kfar Chabad | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Loddalen | ||
Koordinatar | 31°59′19.32″N 34°51′7.19″E / 31.9887000°N 34.8519972°E | ||
Areal | 2,5 km² | ||
Folketal | 5 900 (2009) | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
Tilhøyrsle | Chabad | ||
Kfar Chabad 31°59′19″N 34°51′07″E / 31.9887°N 34.851997222222°E | |||
Kart som viser Kfar Chabad.
| |||
Wikimedia Commons: Kfar Chabad |
Kfar Chabad (hebraisk skrift כְּפַר חַבָּ"ד, tyder 'Chabad-landsbyen') er ein Chabad-Lubavitch-landsby sentralt i Israel. Han ligg mellom Beit Dagan og Lod og høyrer til Loddalen regionale kommune. I 2009 hadde han eit folketal på 4 900.[1]
Kfar Chabad vart grunnlagd i 1949 av Yosef Yitzchok Schneersohn.[2] Dei førte innbyggjarane var hovudsakleg nye immigrantar frå Sovjetunionen, overlevande frå andre verdskrigen og undertrykkinga til Stalin. Staden var opphavleg ein palestinsk landsby kalla Al-Safiriyya, som vart avfolka etter krigen i 1948.[3] Så seint som i 1957 vart han på hebraisk kalla Tzafrir.
«Jewish Observer» skreiv: «Det er fleire merkverdige aspekt ved denne Aliyah. Chabad-medlemmane nekta å motta hjelp frå religiøse og politiske organisasjonar. Dei insisterte på å gå til landområdet. Dei tilpassa seg sjølv moderne jordbruksmetodar ... For dei var det eit poeng å ære det å leve slik dei hadde blitt lært. Dette betydde å leve berre av det dei sjølv tente ved hjelp av sitt eige harde arbeid.»[4]
Kfar Chabad, som ligg utafor Lod og kring 8 km søraust for Tel Aviv, omfattar jordbruksområde i tillegg til mange utdanningsinstitusjonar.
I 1956 gjekk fedayeen-terroristar inn i ein synagoge under kveldsbøna og byrja å skyte rundt seg. Fem barn og ein lærar mista livet, medan ti andre blei skadde.[5]