Kharbatha al-Misbah | |||
خربثا المصباح, Kharbatha al-Misbah, Khirbet al-Misbah, Khurbetha ibn es Seba | |||
kommune | |||
Namneopphav: Ruinane av sonen av villdyret, eller «dei sju»[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°53′30″N 35°04′18″E / 31.89167°N 35.07167°E | ||
Areal | 4,4 km² | ||
Folketal | 5 211 (2007) | ||
Folketettleik | 1 184 / km² | ||
Borgarmeister | Sa'di Jabir Ibrahim Daraj[2] | ||
Kharbatha al-Misbah 31°53′30″N 35°04′18″E / 31.891666666667°N 35.071666666667°E | |||
Kart som viser Kharbatha al-Misbah.
| |||
Wikimedia Commons: Kharbatha al-Misbah |
Kharbatha al-Misbah (arabisk خربثا المصباح) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, 15 km vest for Ramallah i Ramallah og al-Bireh guvernement. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 5 211 i 2007.[3] I nærleiken ligg Beit Liqya i sør og Beit Ur at-Tahta i aust. Han vart styrt som ein landsbykommune.[4]
I 1883 skildra «Survey of Western Palestina» landsbyen, som då vart kalla Khurbetha ibn es Seba, som «ein liten landsby på ein rygg, med ein brunn i aust.»[5]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde Kherbet al-Mesbah eit folketal på 369, alle muslimar.[6] I folketeljinga i 1931 hadde dette auka til 488, framleis alle muslimar, i 121 busette hus.[7]
I 1945 var folketalet i Khirbat el Misbah 600, alle arabarar, som eigde 4 438 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[8] 1 026 mål var plantasjar og irrigert land, 2 133 nytta for korn,[9] medan 25 mål var utbygd (urbant) land.[10]
Det ligg to moskéar i byen: Omri-moskeen og al-Kawthar-moskeen. Den førstenemnde vart bygd over ruinane av ei eldgammal kyrkje og renovert i 1965. Innafor kommunegrensa ligg eldgamle romerske graver og jødiske synagoger.