Kilafors

61°13′43.025″N 16°33′45.274″E / 61.22861806°N 16.56257611°E / 61.22861806; 16.56257611

Kilafors stasjon

Kilafors er ein svensk tettstad i Bollnäs kommun i Gävleborgs län i landskapet Hälsingland. I 2005 hadde tettstaden 1 124 innbyggjarar.

Interessante stader i Kilafors er mellom anna Kilafors herrgård, som har fløyer frå 1700-talet og ligg ved breidda av innsjøen Bergviken. Postordrefirmaet Garntjänst har hovudkvarteret sitt i Kilafors.

I Kilafors finst det òg ein kino frå 1933 som blir driven av ein ideell samskipnad, og som framleis viser moderne filmar. Kinoen blei i 1991 kjøpt av kommunen, som hadde planer om å rive bygningen. Etter ein langvarig kamp for å bevare bygd, blei etter kvart Kilafors Biografförening danna, som sidan den gongen har drive lokala. I byrjinga leigde dei lokala av kommunen, men har som 2001 stått som eigar.