Killer on the Loose Singel av Thin Lizzy frå albumet Chinatown | ||
B-side |
Don't Play Around | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1980 | |
Innspelt | 1980 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:55 | |
Selskap | Vertigo | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
Produsent | Kit Woolven and Thin Lizzy |
«Killer on the Loose» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy som vart gjeven ut på singel i september 1980. Han var skriven av Phil Lynott, og er frå albumet deira Chinatown frå 1980.[1] Songen vart ein hit og nådde tiandeplassen på UK Singles Chart,[2] og femteplassen på Irish Singles Chart.
Songen, der Lynott tok rolla som Jack the Ripper, vart svært kontroversiell. Singelen vart gitt ut midt under Yorkshire Ripper-morda, og mange medlemmer av den britiske offentlegheita, hovudsakleg kvinner, vart opprørte over teksten til songen og referansane til Ripper.[3] Ein musikkvideo, der Lynott er kledd i ein trenchcoat i Ripper-stil omgitt av lettkledde kvinner, skapte endå meir kontrovers då han vart gitt ut i 1980.