King of the Surf Guitar Studioalbum av Dick Dale and His Del-Tones | ||
Utgjeve | Juni 1963 | |
Innspelt | Mars - april 1963 | |
Sjanger | Surfemusikk | |
Lengd | 30:38 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Jim Monsour, Voyle Gilmore | |
Dick Dale and His Del-Tones-kronologi | ||
---|---|---|
Surfers' Choice (1962) |
King of the Surf Guitar | Checkered Flag (1963)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
King of the Surf Guitar er det andre studioalbumet til surferockratisten Dick Dale, gjeven ut i 1963. Det inneheld både originale songar og coverversjonar.
Dick Dale var i ferd med å bli ein av dei største rock and roll-stjernene i California i 1962, då han fekk kontrakt med Capitol Records, som gav ut albumet hans Surfers' Choice på ny. Dei sendte han inn i studio for å spele inn nye songar, som vart til dette albumet.
Albumet opnar med den kvinnelege vokalgruppa The Blossoms (med Darlene Love). Capitol ønskte eit album som inneheldt litt for alle, ikkje berre surfemusikkfansen, og inkluderte folkeviser («Greenback Dollar»), rock & roll-songar («Kansas City»), countrystandardar («You Are My Sunshine»), balladar («If I Never Get to Heaven») og fleire vokale spor. I følgje Allmusic «gjorde Dale det han kunne for å sprøyte inn den kraftige personlegdomen sin inn i kvar melodi». Vidare skreiv dei «Albumet skin på melodiar når Dale får spele gitar for fullt, og 'Hava Nagila', '(Ghost) Riders in the Sky' og 'Mexico' er blant dei mest forrykande han spelte inn for selskapet.»[1]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «King of the Surf Guitar» | Alonzo Willis | 2:06 |
2. | «The Lonesome Road» | Nathaniel Shilkret, Gene Austin | 3:14 |
3. | «Kansas City» | Jerry Leiber, Mike Stoller | 2:43 |
4. | «Dick Dale Stomp» | Dick Dale | 2:12 |
5. | «What'd I Say» | Ray Charles | 3:24 |
6. | «Greenback Dollar» | Hoyt Axton, Ken Ramsey | 2:52 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Hava Nagila» | Trad. arr. Dick Dale | 2:04 |
8. | «You Are My Sunshine» | Jimmie Davis, Charles Mitchell | 1:58 |
9. | «Mexico» | Boudleaux Bryant | 2:10 |
10. | «Break Time» | Dick Dale | 2:45 |
11. | «Riders in the Sky» | Stan Jones | 2:11 |
12. | «If I Never Get to Heaven» | Jenny Lou Carson, Roy Botkin | 2:55 |