Kinneret i Israel

Kinneret
landsby
Land  Israel
Region Jordandalen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°43′20.99″N 35°33′51.48″E / 32.7224972°N 35.5643000°E / 32.7224972; 35.5643000
Folketal 584  (2009)[1]
Grunnlagd 1908
 •  Grunnlagd av Lokale jødiske bønder
Tilhøyrsle Jewish Colonization Association
Kart
Kinneret i Israel
32°43′21″N 35°33′51″E / 32.72249722°N 35.5643°E / 32.72249722; 35.5643
Kart som viser Kinneret i Israel.
Kart som viser Kinneret i Israel.
Kart som viser Kinneret i Israel.
Wikimedia Commons: Kinneret (Moshava)

Kinneret (hebraisk כִּנֶּרֶת) er ein moshava på sørvestbreidda av Genesaretsjøen i Israel.[2] Han ligg i nord for Jordandalen, 6 kilometer sør for Tiberias og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. Landsbyen ligg kring 185 under havnivå og hadde i 2010 eit folketal på 1 087.

Historisk bygning i Moshav Kinneret

Kinneret vart grunnlagd i 1908 av Jewish Colonization Association og tok namnet sitt frå det gamle hebraiske namnet for Genesaretsjøen og frå ein bibelsk landsby ved Genesaretsjøen som låg lenger nord og høyrte til Naftali-stamma (Josva 19:35). Dei første åra var han busett av lokale bønder frå kringliggande landsbyar, og etter nokre år unge pionerar. Dei første jødiske nybyggjarane budde i khanar i lokale arabiske landsbyar.[3]Beit Ha'almot vart grunnlagd i 1911 som ein jordbruksopplæringsgard for kvinner.[4]

Etter det israelske sjølvstendet vart landsbyen ein lokal kommune med eit areal på 7 000 dekar. Men under ei lokal omorganisering i 2003 kom han under Emek HaYarden regionale kommune.

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2009. Henta 6. februar 2011. 
  2. Moshav Kinneret, arkivert frå originalen 21. juli 2011, henta 22. februar 2015 
  3. Shafir, Gershon (1989 undated 1996) Land, Labour and the Origins of the israelske-palestinsk Conflict 1882-1914 University of California Press ISBN 0-520-20401-8 p 199
  4. Kinneret courtyard, arkivert frå originalen 19. august 2014, henta 22. februar 2015