Kirkibost Lokalt namn Eilean Chirceboist | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 57°34′N 7°25′W / 57.56°N 7.42°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 2,05 km²
|
Høgaste punkt | 7 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Kirkibost er ei flat øy vest for North Uist i Ytre Hebridane i Skottland.
Kirkibost, er i lag med naboøya Baleshare, dekt av machair med kystsletter dekte med skjelsand og delvis gras oppå, samt nokre sanddyne, myrer og torvmyrer. I lag med Baleshare dannar ho ein Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse).[1] Dei vesle øyane Eilean Mòr, Bior-eilean og Sròmaigh ligg mellom Kirkibost og North Uist.
Øyane er viktige for åkerrikse, forskjellige vadefuglar og overvintrande fuglevilt.[1]