Kirsten Bråten Berg | |||
| |||
Fødd | 7. januar 1950 (75 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Arendal | ||
Opphav | Noreg | ||
Sjanger | folkemusikk | ||
Instrument | vokal, Munnharpe | ||
Plateselskap | Grappa | ||
Verka som | songar | ||
Prisar | Spellemannprisen for årets barneplate, Aust-Agder fylkeskulturpris, Hilmarprisen, Radka Toneff Minnepris, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, riddar av St. Olavs Orden |
Kirsten Marie Bråten Berg (fødd 7. januar 1950) er ein norsk songar, best kjend som folkemusikar, og sølvsmed. Ho er saman med Hallvard T. Bjørgum rekna som ein fornyar av norsk folkemusikk.
Kirsten Bråten vart fødd i Arendal. Ho kom frå ein musikalsk familie, faren var bygdespelemann. Ho var med i eit visesongmiljø i heimbyen, men interesserte seg også for folkemusikk. I 1970 drog ho til Oslo og blei folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag. Her kom ho med i folkemusikkmiljøet rundt Club 7.
I Oslo fekk Kirsten Bråten også augo opp for sølvsmedyrket. Ho tok seg jobb i gullsmedfirmaet David-Andersen og studerte eitt år på gullsmedlina på Oslo Yrkesskole. Deretter gjekk ho i lære hjå sølvsmeden Torleiv H. Bjørgum frå Rysstad i Setesdal, som også var spelemann. Berg tok sveinebrev i 1976 og meisterbrev som gullsmed i 1986.
I 1977 vart ho gift med Bjørgulv N. Berg, ein gardbrukar frå Rysstad i Valle kommune i Setesdal. Her var eit aktivt folkemusikkliv, der Kirsten Bråten Berg møtte kvedarar som Tarjei og Gro Heddi Brokke og musikarane Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum. Ho blei med i gruppa Slinkombas, og gav også ut soloplater.
Berg vart utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen sin som kunstnar og kulturformidlar i 2005. I 2008 vart ho medlem av Agder Vitskapsakademi.