Kitty Clive

Kitty Clive

Fødd5. november 1711
FødestadLondon
Død6. desember 1785 (74 år)
DødsstadLondon
FødenamnCatherine Raftor
Verka somskodespelar, songar, operasongar, skodespelforfattar, skribent, teaterskodespelar

Catherine Clive (fødd Raftor; 5. november 17116. desember 1785), kjend som Kitty Clive, var ein kjend songar og skodespelar i engelsk underhaldningsliv, aktiv frå 1728 til 1769. Clive leia og skapte nye former for engelsk musikalsk teater. Ho hadde suksess både i opphøga roller – ho song til dømes musikk Handel skreiv for henne i Messiah, Samson og The Way of the World – og i mindre forfina ballade-operaroller. Bilete av henne blei trykka og selde i eineståande mengder. Ho kjempa for rettane til kvinner gjennom heile karrieren.

Ein imagekrise på slutten av 1740-talet gjorde Clive nøydd til å slutta med seriøs song og i staden gjera seg til latter på scenen. Sjølv om denne sjølvironien vann tilbake offentleg gunst for henne, og ho var den fremste komikaren i landet til ho forlet scena i 1769.

Det blei gjeven ut ein definitiv biografi om Clive av Berta Joncus i 2019.[1]

Kitty Clive som Mrs Riot, måla av Peter Van Bleeck ca. 1750

Roller i utval

[endre | endre wikiteksten]
Figur i Bow-porselen, ca. 1750, som Mrs Riot. I par med den av Henry Woodward, er han kanskje den eldste engelske porselensfiguren.
  • Rosella i The Village Opera av Charles Johnson (1729)
  • Phillida i Love in a Riddle av Colley Cibber (1729)
  • Kitty i The Humours of Oxford av James Miller (1730)
  • Dulceda i Bayes's Opera av Gabriel Odingsells (1730)
  • Nell i The Devil to Pay av Charles Coffey (1731)
  • Chlose i The Lottery av Henry Fielding (1732)
  • Mercury i Timon in Love av John Kelly 1733)
  • Maria i The Man of Taste av James Miller (1735)
  • Liberia i The Universal Passion av James Miller (1737)
  • Violetta i Art and Nature av James Miller (1738)
  • Miss Kitty i The Coffee House av James Miller (1738)
  • Rosamond i Rosamond av Thomas Arne (1740)
  • Tag i Miss in Her Teens av David Garrick (1747)
  • Mrs. Riot i Lethe av David Garrick (1749)
  • Kitty i High Life Below Stairs av James Townley (1759)
  • Muslin i The Way to Keep Him av Arthur Murphy (1760)
  • Lady Freelove i The Jealous Wife av George Coleman the Elder (1761)
  • Lady Beverly i The School for Lovers av William Whitehead (1762)
  • Mrs. Heidelberg i The Clandestine Marriage av George Coleman the Elder (1766)
  • Sift i The Widowed Wife av William Kenrick (1767)
  • Mrs Winifred i The School for Rakes av Elizabeth Griffith (1769)[2]
  1. Berta Joncus, Kitty Clive, or the Fair Songster (Boydell Press, 2019) Arkivert 7 July 2020 ved Wayback Machine..
  2. Complete list i Berta Joncus, Kitty Clive, or The Fair Songster (2019)