Kjartan Sveinsson | |
Kjartan Sveinsson i London i 2008 | |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 2. januar 1978 (46 år) |
Yrke | musikar, banjospelar, pianist |
Språk | islandsk |
Kjartan Sveinsson på Commons |
Kjartan «Kjarri» Sveinsson[a] (fødd 2. januar 1978)[1] er ein islandsk musikar som tidlegare var keyboardspelar i det islandske post-rock-bandet Sigur Rós. Han spelar òg fløyte, blikkfløyte, obo, gitar og banjo. Kjartan vart med i Sigur Rós i 1998 og var med i bandet fram til 2013, då han slutta fordi han syntest det var på tide å gjera noko anna.[2]