Kjeldemjølke | |
![]() Kjeldemjølke | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Myrteordenen Myrtales |
Familie: | Mjølkefamilien Onagraceae |
Slekt: | Mjølkeslekta Epilobium |
Art: | Kjeldemjølke E. alsinifolium |
Vitskapleg namn | |
Epilobium alsinifolium |
Kjeldemjølke er ei urt i mjølkefamilien. Arten si utbreiing ligg innanfor Europa. Planta vert kring 20 cm høg og har grove bleike jordstenglar med skjelblad. Ho har grov raudleg stengel og tjukke mørkgrøne blad. Blomstrane er store og raudfiolette. Frøa er utan vorter.
Kjeldemjølke blomstrar kring juli månad ved kjelder og småbekker. Planta veks i alle fjelltrakter i Noreg, og også ned i låglandet. Ho er funnen opp til 1370 m ved Finse.