71°0′7.9″N 26°6′44.9″E / 71.002194°N 26.112472°E
Kjelvik | |||
Gamle sjøhus i Kjelvik.
Foto: Arnstein Rønning | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Nordkapp | ||
Kjelvik 71°00′07″N 26°06′45″E / 71.001944444444°N 26.1125°E |
Kjelvik (nordsamisk Goaskinvággi) er ei fråflytta bygd på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark fylke.
Ho var etter Honningsvåg den nest største tettstaden på Magerøya inntil staden vart brent av okkupasjonsmakta i 1944. Kjelvik hadde tidleg på 1900-talet om lag 80 innbyggarar, dei fleste av finsk avstamming. I 1930 var det 236 innbyggarar i Kjelvik. Etter krigen vart staden berre delvis attreist. På 1960-talet flytta dei fleste som var att frå staden, og frå midten av 1970-talet var det ingen fastbuande igjen.[1]
Kjelvik var fram til 1950 namnet på dagens Nordkapp kommune. Kommunen var utskild frå Kistrand i 1861. Staden er avmerka som «Kelwyck» på Mercator sitt kart Atlas Minor frå 1613.