Kjempekonvall | |
Kjempekonvall | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Underfamilie: | Nolinoideae |
Slekt: | Storkonvallslekta Polygonatum |
Art: | Kjempekonvall P. ×hybridum |
Vitskapleg namn | |
Polygonatum ×hybridum |
Kjempekonvall (Polygonatum ×hybridum) er ein hybrid av kantkonvall og storkonvall (P. multiflorum × P. odoratum). Særteikn er at stengelen er rundt nede, og kanta oppe.[1]
I Noreg finst han frå Asker og Bærum, ned til Egersund. Hybriden er heimleg ved at han kan oppstå spontant der båe foreldreartane veks, helst i edellauvskog, men oftare er han forvilla frå dyrking.[1] Arten er ikkje vurdert for Raudlista eller for Framandartslista.[2]