Klaus Hagerup

Klaus Hagerup

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1946
Haugerud
Død

20. desember 2018 (72 år)
Oslo

Yrke skribent, filmregissør, skodespelar, manusforfattar, omsetjar, teaterskodespelar, filmskodespelar, lyrikar
Språk norsk
Far Anders Hagerup
Mor Inger Hagerup
Ektefelle Bibbi Børresen
Klaus Hagerup på Commons

Klaus Hagerup (5. mars 194620. desember 2018) var ein norsk forfattar, skodespelar og regissør. Han debuterte med diktsamlinga Slik tenker jeg på dere i 1969.

Han engasjerte seg tidleg på den politiske venstresida. Då Sosialistisk Ungdomsforbund blei stifta som ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti i 1963 blei han vald inn i sentralstyret til SUF.[1] Han var medlem av Bryn/Hellerud SUF i Oslo, eit lag som snart blei eit senter for den veksande marxist-leninistiske opposisjonen i forbundet. Der arbeidde Hagerup saman med kjende SUF-namn som Tron Øgrim og Pål Steigan.

Som ung var han i Birgit Strøms dokketeater, studerte drama i Devon og fekk fire år ved Statens Teaterskole.

Hagerup arbeidde ved Den Nationale Scene (1968-1969), seinare m.a. ved Nationaltheatret, både som skodespelar, instruktør, dramaturg og forfattar. Han var med å starte Hålogaland teater (1971) der han var både skodespelar, dramatikar og instruktør fram til hausten 1977. Han har også spelt i film, men er sidan mest kjend som dramatikar for radio og scene og som ungdomsbok-forfattar med ei rekkje populære titlar. I 1988 skreiv han biografien Alt er så nær meg om mor si, diktaren Inger Hagerup.

Klaus Hagerup har mottatt fleire litterære prisar for bøkene sine. Fleire av tekstane han har blitt tonesett av Sverre Kjelsberg, mellom anna Ellinors vise. Saman med kona Bibbi Børresen gav han ut fleire reiseskildringar frå Italia med vekt på vin og mat.

Klaus Hagerup var son av diktaren Inger Hagerup, bror til forfattaren Helge Hagerup og far til forfattaren Hilde Hagerup.

Filmografi

[endre | endre wikiteksten]

Romanar og noveller

[endre | endre wikiteksten]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Drømmen om St. Croix (2011), med Elusive Moose

Deltar på

[endre | endre wikiteksten]
  • Rain: Fra fjernsynsfilmen Rivalen (1970)
  • Grynet Molvig: Frossen vals/Døden i gatene (1970)
  • Polydor: Vise og lyrikkfestivalen i Haugesund 1971 (1971)
  • Rain: Norsk suite (1971)
  • Alf Cranner: Trykt i år (1974)
  • Polydor: Visfestivalen i Västervik: Live i Slottsruinen (1975)
  • MAI: Det e her æ høre tel/Æ e ikkje aleina (1975)
  • Polydor/Den Norske Bokklubben: Norske viseprofiler (1976)
  • Philips: 16 norske visefavoritter (1977)
  • Nordnorsk Visegruppe: Rav og Rekling (1977)
  • Birgitte Grimstad: Din sang – min vise (1977)
  • Helge Songe: Visen – en gave 14 (1977)
  • Ungdomslaget Ny Von: Ungdomslaget Ny Von (1978)
  • Sverre Kjelsberg: Etter mørketia (1979)
  • Sosialistisk Kor i Sør-Varanger: Vi vil tænde! (1980)
  • Eva & Torbjörn: Visor med Eva & Torbjörn II (1980)
  • Marie Bergman: Hjärtats lust (1981)
  • Vind i Gardhol: Vind i Gardhol (1981)
  • Sverre Kjelsberg: Sverre (1982)
  • Bergþóra Árnadóttir: Afturhvarf (1983)
  • Kine Hellebust & Anders Rogg: Mot yttersida (1987)
  • Alf Cranner: 48 viser (1992)
  • Birgitte Grimstad: Ord over grind (1994)
  • Sverre Kjelsberg: Drømmen e fri (1994)
  • Alf Cranner: Kafé Kaos (1995)
  • Dollie: Dollies beste (1999)
  • Tungtvann: Pøbla/Tungtvann (2001)
  • Kirsten Bråten Berg: Syng du mi røyst (2001)
  • Tungtvann: Mørketid (2002)
  • By:Larm: By:Larm i 5 år (2002)
  • Anna Pálína Árnadóttir: Guò og gamlar konur (2002)
  • Frelsesarmeen: Stolpesko (2002)
  • Alf Cranner: 50 beste fra 40 år (2003)
  • Norske Kammersangere: Blue in Blue (2003)
  • Melodisc/Tuba: Aérien Voyage – Rare and Unreleased Grooves and Fusion from Norway (2003)
  • Regnmakerne: Jorda vår skal danse (2004)
  • Roald Dahl: Matilda – Hørespill fra Lørdagsbarnetimen (2004)
  • Sverre Kjelsberg: Større kraft enn krutt (2005)
  • Lydbokforlaget: Barnas lydbokfavoritter (2005)
  • Jonas Fjeld: Mårrakvist (2006)
  • Alf Cranner: I går, i dag, i morgen (2006)
  • Tungtvann: 96% (2007)
  • Ole Paus: Den store norske sangboka (2007)
  • Jonas Fjeld & Henning Kvitnes: Den gamle veien (2009)
  • Heidi Gjermundsen Broch & Terje Norum: Tidevann – Tekster av Inger Hagerup (2010)
  • Birgitte Grimstad: Vi må bli gode mot menneskenes jord (2011)
  • Project Herpes: The Worst of Project Herpes (2012)
  • Cover Me: Cover Me – To hits, to generasjoner – èn musikkopplevelse (2012)
  • Jonas Fjeld & Chatham County Line: Western Harmonies (2013)
  • Maria Haukaas Mittet: Heim (2014)
  • Thomas Lundin: Julnostalgi (2014)
  • MAI/Universal Music: MAI 1973–1983 (2016)
  • Grappa/Egmont Kids: Snøfall – Sangene og musikken fra NRKs julekalender (2016)

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. SUFs blad Ungsosialisten nr. 2 1963
  2. Regnmakerboka Arkivert 2020-09-19 ved Wayback Machine. hos Enova.
  3. Siri Ekestad Bauge (22. november 2018). «Vinnere av Brageprisen 2018». Brageprisen. Arkivert frå originalen 24. november 2018. Henta 22. desember 2018. «Han har en unik evne til å formidle barne- og ungdomsperspektivet innsiktsfullt, troverdig, ømt, og veldig ofte vidunderlig humoristisk, og på en slik måte at fortellingene også treffer den voksne leseren midt i hjertet.» 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]