Klavierbüchlein für Wilhelm Friedemann Bach (Bach sin opphavlege tittel: Clavier-Büchlein vor Wilhelm Friedemann Bach) er ei samling klavermusikk samla av den tyske barokkomponistenJohann Sebastian Bach for den eldste sonen sin, Wilhelm Friedemann. Ho vert ofte berre kalla Klavierbüchlein für Wilhelm Friedemann.
Johann Sebastian starta å setje saman samlinga i 1720. Dei fleste stykka her er meir kjende som delar av Das Wohltemperierte Klavier og Inventionen und Sinfonien. Kven som har skriven dei fleste av dei andre verka er omdiskutert, særleg dei kjende Små preludiaBWV 924–932, som stundom vert tilskriven Wilhelm Friedemann Bach.
Boka startar med ein innleiing som inneheld ei forklaring nøklar og ein guide til å spele ornament. Stykka i samlinga er arrangert etter kor vanskelege dei er, og dei enklaste kjem først. Av desse er Applicatio i C-dur BWV 994 og Preludium i g-moll BWV 930 særleg merkverdige, fordi dei er dei einast overlevande manuskripta der ein har fingermerket til Bach.[1]).
Her er ei komplett liste over stykka, i same rekkefølgje som i manuskriptet:
BWV 846a, Preludium 1 i C-dur. Alternativ utgåve av Preludium frå Preludium og Fuge i C-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier.
BWV 847/1, Preludium 2 i c-moll (Preludium i c-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
BWV 851/1, Preludium 3 i d-moll (Preludium i dmoll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
BWV 850/1, Preludium 4 i D-dur (Preludium i d-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier, uferdig)
BWV 855a, Preludium 5 i e-moll. Alternativ utgåve av Preludium frå Preludium og Fuge i e-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier. Denne vart seinare arrangert for pianoforte av Alexander Siloti og transponert til Preludium i h-moll.
BWV 854/1, Preludium 6 i E-dur (Preludium i E-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
BWV 856/1, Preludium 7 i F-dur (Preludium i F-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
BWV 848/1, Preludium [8] i Ciss-dur (Preludium i Ciss-dur frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
BWV 849/1, Preludium [9] i ciss-moll (Preludium i ciss-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
BWV 853/1, Preludium [10] i ess-moll (Preludium i ess-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)
BWV 857/1, Preludium [11] i f-moll (Preludium i f-moll frå den første boka i Das Wohltemperierte Klavier)