Knut S. Vikør | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juni 1952 (72 år) Orkdal kommune |
Yrke | historikar, universitetslærar |
Knut Sigurdson Vikør (fødd 10. juni 1952) er ein norsk historikar og professor. Han var dagleg leiar for Senter for Midtausten- og islamske studiar ved Universitetet i Bergen frå 1988 og fram til 2002, då han fekk permisjon for å vikariere som førsteamanuensis ved Historisk institutt ved same universitet. I 2005 vart han fast tilsett som førsteamanuensis ved instituttet. Han har markert seg som den kanskje den fremste eksperten i Noreg på historia til islam, og har forutan dei akademiske avhandlingane, skrive fleire bøker retta mot eit generelt publikum.
Han fullførte hovedfag i historie og vart Cand. polit. under professor Rex Sean O'Fahey rettleiing i 1979. Han vart Dr. philos. ved Universitetet i Bergen i 1992.