Kolonjë | |||
---|---|---|---|
Fjellandskap i Kolonjë | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Korçë | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
865 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
11 070[1] | ||
Koordinatar | 40°18′0″N 20°38′0″E / 40.30000°N 20.63333°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Kolonjë kommune innafor regionen Korçë |
Kolonjë (arumensk Culonja) er ein kommune i regionen Korçë i Albania. Kommunen ligg søraust i landet og grensar i vest til regionen Gjirokastër, i aust til nabolandet Hellas.
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at dei tidlegare bykommunane Ersekë og Leskovik vart slått saman med landkommunane Qendër Ersekë, Qënder Leskovik, Novoselë, Barmash, Mollas og Çlirim.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Ersekë.
Ved folketeljinga i 2011 hadde dei åtte kommunane som i dag utgjer storkommunen Kolonjë, til saman 11 070 innbyggjarar.[1]
Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Kolonjë, som var samanfallande med den noverande kommunen.[3]