Kornél Pajor | |
Statsborgarskap | Ungarn, Sverige |
Fødd | 1. juli 1923 Budapest |
Død | |
Yrke | skøyteløpar, arkitekt |
Medlem av | Budapesti Korcsolyázó Egylet |
Kornél Pajor på Commons |
Kornél Pajor (1. juli 1923–18. mai 2016) var ein ungarsk-svensk skeiseløpar fødd i Budapest, død i Sverige. Han vart verdsmeister i 1949, og tok bronsemedaljen i to europameisterskap og eitt verdsmeisterskap. Pajor konkurrerte for Ungarn til 1949, sesongane 1950 og -51 var han ISU-løpar og frå 1952 representerte han Sverige, der han slo seg til som arkitekt.
Pajor vart ungarsk meister på skeiser i 1944, 1945, 1948 og 1949. Han deltok i Vinter-OL 1948 i St. Moritz, der ein fjerdeplass på 10 000 meter var han beste prestasjon. Året etter vart han tredjemann i europameisterskapen i Davos, før han vart verdsmeister på Bislett stadion i Oslo. Under EM i Davos sette han verdsrekord på 5 000 meter med 8.13,5. Dagen etter vart han den fyrste som gjekk ein 10 000 meter på under 17 minuttar. Tida på milløpet vart ikkje gjeldande rekord, ettersom Hjalmar Andersen i eit seinare par skreid vel sekundet fortare.
Pajor reiste ikkje tilbake til Ungarn då 1949-sesongen gjekk mot slutten. Han søkte flyktningstatus og fekk deretter svensk statsborgarskap. I 1951 sikra han seg bronsemedaljen i skeise-VM i Davos, året etter fekk han ein EM-medalje av same valør på si nye heimebane i Östersund. Han la opp etter 1954-sesongen.