Koronium var eit hypotetisk grunnstoff som ein ei tid trudde fanst i solkoronaen, idet ein i spekteret av denne observerte sterke emisjonslinjer, koronalinjene, som ein ikkje klarte å identifisere. Først i 1941 påviste Bengt Edlén at dei stammar frå atom av jern, kalsium, nikkel og fleire, som har mista 9–15 elektron på grunn av den særs høge temperaturen (ca. 1,5 mill. °C) som herskar i koronaen.