Kristian Ødegård | |||
| |||
Fødd | 12. april 1974 (50 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Fødenamn | Bent Kristian Ødegård | ||
Verka som | programleiar, TV-produsent, humorist | ||
Prisar | Gullruten for beste programleder |
Bent Kristian Ødegård (fødd 12. april 1974) er ein norsk programleiar og regissør frå i Oslo. Han er kjend for å ha stått bak serien Nissene på låven på TVNorge og for si etterlikning av Roald Øyen i rolla som programleiar for påske- og julenøttene på TV 2. Han vart for fullt kjend då han vann Ødegård Skal vi danse på TV2 i 2006.[1] I tillegg er han kjend for sitt samarbeid med Dag Otto Lauritzen i programma På hjul med Dag Otto, På tur med Dag Otto, Huskestue og Kompani Lauritzen.
Kristian Ødegård vaks opp i Oslo. I ein alder av åtte byrja han på danskeskule.[1] Han er utdanna ved Lambertseter videregående skole, Luftforsvarets befalsskole frå 1993 til 1994 og Westerdals reklameskole frå 1996 til 1998.
I samband med produksjonen av Nissene på låven i 2001, stifta Ødegård selskapet Seefood TV saman med Espen Eckbo og Aleksander Herresthal.[2]
I 2006 var Ødegård med som kjendisdeltaker i underholdningsprogrammet Skal vi danse på TV 2. Ødegård vann konkurransen og året etter vart han programleiar for det samme programmet saman med Guri Solberg. Ødegård har òg vore programleiar for Gullfisken og ei rekkje andre arrangement.
Frå 2010 sykla Ødegård rundt i Europa saman med Dag Otto Lauritzen i programmet På hjul med Dag Otto, frå og med tredje sesong endra dei namnet til På tur med Dag Otto.