Kristina Háfoss

Kristina Háfoss

FøddKristina Danielsen
26. juni 1975 (49 år)
København
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiTjóðveldisflokkurin
Yrkejurist, samfunnsøkonom, politikar, embetsmann
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
VervFinansminister på Færøyane 15. september 2015–16. september 2019
FøregangarJørgen Niclasen
EtterfylgjarJørgen Niclasen
VervKulturminister på Færøyane 4. februar 2008–30. august 2008
FøregangarJógvan á Lakjuni
EtterfylgjarÓluva Klettskarð
VervLagtingsmedlem 29. oktober 2011–
Verv30. april 2002–20. januar 2004
Alle verv
  • Nordisk råds direktør (2021–)
  • Færøyenes finansminister (2015–2019)
  • Færøyenes kulturminister (2008–2008) Sjå dette på Wikidata

Kristina Háfoss (fødd 26. juni 1975 i København) er ei færøysk offentleg tenestekvinne og politikar. Ho er utdanna jurist og økonom. Ho har vore finansminister og kulturminister og medlem av det færøyske Lagtinget for det venstrenasjonale partiet Tjóðveldi. Frå 1. februar 2021 er ho direktør for sekretariatet i Nordisk råd.[1]

Familie og yrke

[endre | endre wikiteksten]

Háfoss vaks opp på Argir ved Tórshavn som dotter av finansdirektør i SEV John P. Danielsen og sjukepleiar Anna Helena Zachariasen.[2][3] Morfaren var Færøyanes telefondirektør, lagtingsmann og viseregjeringssjef Louis Zachariasen. Kristina Háfoss er gift med jurist Ronnie Háfoss.[2]

Háfoss er utdanna cand.polit. og cand.jur. frå Københavns Universitet frå 2002 og 2003. Ved sida av studia arbeidde Háfoss for det danske Utanriksministeriet og Finansministeriet og for den færøyske sentraladministrasjonen, og leia fellesorganisasjonen for dei færøyske studentane.[4] Deretter arbeidde Háfoss innan bank- og forsikringsvesenet på Færøyane. Ho har også vore styremedlem i Smyril Line.[2]

Politisk arbeid

[endre | endre wikiteksten]

Háfoss var fyrste gong innvald på Lagtinget frå Suðurstreymoy frå 2002 til 2004, og sat i Lagtingets finanskomité.[2][4] I februar 2008 blei ho kulturminister (med ansvar for undervisings-, forskings- og kulturspørsmål) i den andre regjeringa til Jóannes Eidesgaard, men oppgav personlege årsaker idet ho fråtredde i august same år.[5][6] Regjeringa gjekk i oppløysning månaden etter. I 2011 blei ho på nytt vald inn på Lagtinget. Ho var nestformann i Lagtingets finanskomité frå 2011 til hun i 2015 blei utnemnd til finansminister i regjeringa til Aksel V. Johannesen.[7] Ho gjekk av saman med resten av regjeringa i 2019.

  1. Gestrin, Mary (14. desember 2020). «Færøyenes Kristina Háfoss blir ny direktør for Nordisk råd». Nordisk råd. Henta 28. januar 2021. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Um Kristinu» (på færøysk). Kristina Háfoss' nettsted. Arkivert frå originalen 7. mars 2016. 
  3. «John P. Danielsen 25 ár í SEV» (på færøysk). SEV. 3. januar 2011. Arkivert frå originalen 4. mai 2017. 
  4. 4,0 4,1 «Kristina Háfoss» (på færøysk). Løgtingið. Arkivert frå originalen 6. januar 2013. 
  5. «Kristina Háfoss í landsstýrið» (på færøysk). portal.fo. 4. februar 2008. Henta 24. desember 2011. [daud lenkje]
  6. «Kristina Háfoss leggur frá sær». portal.fo. 28. august 2008. Henta 24. desember 2011. [daud lenkje]
  7. «Kristina Háfoss, landsstýriskvinna» (på færøysk). Fíggjarmálaráðið. Arkivert frå originalen 4. mai 2017.