Kristina Háfoss | |||
| |||
Fødd | Kristina Danielsen 26. juni 1975 (49 år) København | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Tjóðveldisflokkurin | ||
Yrke | jurist, samfunnsøkonom, politikar, embetsmann | ||
Utdanna ved | Københavns Universitet | ||
Verv | Finansminister på Færøyane 15. september 2015–16. september 2019 | ||
Føregangar | Jørgen Niclasen | ||
Etterfylgjar | Jørgen Niclasen | ||
Verv | Kulturminister på Færøyane 4. februar 2008–30. august 2008 | ||
Føregangar | Jógvan á Lakjuni | ||
Etterfylgjar | Óluva Klettskarð | ||
Verv | Lagtingsmedlem 29. oktober 2011– | ||
Verv | 30. april 2002–20. januar 2004 | ||
Alle verv |
Kristina Háfoss (fødd 26. juni 1975 i København) er ei færøysk offentleg tenestekvinne og politikar. Ho er utdanna jurist og økonom. Ho har vore finansminister og kulturminister og medlem av det færøyske Lagtinget for det venstrenasjonale partiet Tjóðveldi. Frå 1. februar 2021 er ho direktør for sekretariatet i Nordisk råd.[1]
Háfoss vaks opp på Argir ved Tórshavn som dotter av finansdirektør i SEV John P. Danielsen og sjukepleiar Anna Helena Zachariasen.[2][3] Morfaren var Færøyanes telefondirektør, lagtingsmann og viseregjeringssjef Louis Zachariasen. Kristina Háfoss er gift med jurist Ronnie Háfoss.[2]
Háfoss er utdanna cand.polit. og cand.jur. frå Københavns Universitet frå 2002 og 2003. Ved sida av studia arbeidde Háfoss for det danske Utanriksministeriet og Finansministeriet og for den færøyske sentraladministrasjonen, og leia fellesorganisasjonen for dei færøyske studentane.[4] Deretter arbeidde Háfoss innan bank- og forsikringsvesenet på Færøyane. Ho har også vore styremedlem i Smyril Line.[2]
Háfoss var fyrste gong innvald på Lagtinget frå Suðurstreymoy frå 2002 til 2004, og sat i Lagtingets finanskomité.[2][4] I februar 2008 blei ho kulturminister (med ansvar for undervisings-, forskings- og kulturspørsmål) i den andre regjeringa til Jóannes Eidesgaard, men oppgav personlege årsaker idet ho fråtredde i august same år.[5][6] Regjeringa gjekk i oppløysning månaden etter. I 2011 blei ho på nytt vald inn på Lagtinget. Ho var nestformann i Lagtingets finanskomité frå 2011 til hun i 2015 blei utnemnd til finansminister i regjeringa til Aksel V. Johannesen.[7] Ho gjekk av saman med resten av regjeringa i 2019.