Kultur- og likestillingsdepartementet

Kultur- og likestillingsdepartementet

Offisielt namnKultur- og likestillingsdepartementet
TypeDepartement
VirkefeltNoreg
Skipa1. januar 1990[1]
Org.nummer972417866
StatsrådLubna Jaffery (Ap)
HovudkontorGrubbegata 1, Oslo
UndergrupperRegjeringa i Noreg
JurisdiksjonNoreg
Nettsidehttps://www.regjeringen.no/no/dep/kud/
Inngangen til Kultur- og likestillingsdepartementet m.fl. i Oslo
Foto: Alejandro Decap

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) er eit norsk departement med ansvar for kultur-, likestilling og diskriminering-, medie-, idretts- og pengespel- og lotterisaker og koordinerer statleg politikk i samanheng med friviljug sektor.[2] Frå og med 28. juni 2023 har Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet vore Kultur og likestillingsminister i Noreg, ho tok over etter Anette Trettebergstuen frå Arbeidarpartiet.

Noreg fekk eit eige kulturdepartement for første gong i 1982, med namnet Kultur- og vitskapsdepartementet. Før dette låg kultursakene under Kyrkje- og undervisingsdepartementet. Kyrkje- og undervisingsdepartementet blei etablert 17. november 1818.

  • Under Kåre Willoch si regjering blei altså dette departementet delt i 1982 og ansvaret for kultursaker, høgare utdanning og forsking blei overført til det nye Kultur- og vitskapsdepartementet.
  • I 1990 blei dei to departementa reorganiserte. Dei to nye departementa var Kyrkje- og kulturdepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet.
  • I 1991 blei kyrkjesakene tilbakeført, og departementa fekk namna Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.
  • Frå 1. januar 2002 vart dette endra på nytt, og departementa fekk namna Utdannings- og forskingsdepartementet og Kultur- og kyrkjedepartementet.
  • Frå 1. januar 2010 vart namnet på departementet endra til Kulturdepartementet etter at Regjeringa Stoltenberg II bestemte å flytte kyrkjesakene over til Fornyings- og kyrkjedepartementet.
  • Frå 1. januar 2022 vart namnet på departementet endra til Kultur- og likestillingsdepartementet.

Organisasjon

[endre | endre wikiteksten]

Politisk leiing

[endre | endre wikiteksten]

Statsråd og sjef for departementet (kultur- og likestillingsminister) er frå 28. juni 2023 Lubna Jaffery frå Arbeidarpartiet.[3]

Avdelingar

[endre | endre wikiteksten]

Departementet har ein statsrådseksjon, ei kommunikasjonseining i tillegg til fem fagavdelingar:

  • Administrasjonsavdelinga
  • Avdeling for likestilling, diskriminering og internasjonale saker
  • Avdeling for sivilsamfunn og idrett
  • Kulturvernavdelinga
  • Medie- og kunstavdelinga

Underliggande etatar som er lista i KUD

[endre | endre wikiteksten]

Underliggande tidlegare eller andre mindre etatar

[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare kulturministrar

[endre | endre wikiteksten]
Kulturministrar frå og med 1981
Periode Statsråd Parti
1981–1986 Lars Roar Langslet Høgre
1986–1989 Hallvard Bakke Arbeidarpartiet
1989–1990 Eleonore Bjartveit Kristeleg Folkeparti
1990–1996 Åse Kleveland Arbeidarpartiet
1996–1997 Turid Birkeland Arbeidarpartiet
1997–1999 Anne Enger Lahnstein Senterpartiet
1999–2000 Åslaug Haga Senterpartiet
2000–2001 Ellen Horn Arbeidarpartiet
2001–2005 Valgerd Svarstad Haugland Kristeleg Folkeparti
2005–2009 Trond Giske Arbeidarpartiet
2009–2012 Anniken Huitfeldt Arbeidarpartiet
2012–2013 Hadia Tajik Arbeidarpartiet
2013–2015 Thorhild Widvey Høgre
2015–2018 Linda Hofstad Helleland Høgre
2018–2020 Trine Skei Grande Venstre
2020–2021 Abid Raja Venstre
2021–2023 Anette Trettebergstuen Arbeidarpartiet
2023– Lubna Jaffery Arbeidarpartiet
  1. https://www.regjeringen.no/no/om-regjeringa/tidligere-regjeringer-og-historie/ks/dep/kultur--og-vitenskapsdepartementetkultur/id426298/.
  2. Kultur-og kirkedepartementet (16. mars 2020), «Ansvarsområder for Kultur- og likestillingsdepartementet», Regjeringen.no (på norsk), henta 24. mai 2022 
  3. Kultur-og kirkedepartementet, «Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap)», Regjeringen.no (på norsk), henta 28. juni 2023 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]