Kungshatt er ei lita øy i innsjøen Mälaren i Stockholm i Sverige. Ho måler om lag 1,9 km² og har berre få fastbuande. Det er derimot mange sommarhus på øya. Øya har eigen vassforsyning, men får elektrisitet frå fastlandet. Øya er kalla opp etter koparhatten som er passert på toppen av ei klippe som vender mot Vårberg. I følgje ei segn hoppa ein svensk konge ut frå klippa då han flykta frå fiendane sine, og mista hatten sin i prosessen.