Kurt Aust | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark, Noreg |
Fødd | 6. desember 1955 (69 år) Ikast |
Yrke | skribent, manusforfattar |
Språk | norsk |
Ektefelle | Kin Wessel |
Kurt Aust på Commons |
Kurt Aust (psvd. for Kurt Østergaard) (fødd 6. desember 1955 i Ikast i Danmark) er ein dansk forfattar og frilansskribent. Han er utdanna pedagog, og har vore busett i Noreg frå 1982 og skriv på norsk.[1] Aust debuterte som forfattar i 1999.
Aust skriv historisk krim frå Danmark-Noreg kring byrjinga av 1700-talet. Hovudpersonar er professor Thomas af Boueberge ved Københavns Universitet og hans dr. Watson, den mindre geniale nordmannen Petter Hortten. Romanane har fleire handlingar. Det eine er kriminalsaka som dei skal løyse. Det andre er Petter Horten sin bakgrunn, som ikkje vert avslørt før enn langt ut i serien. Det er også andre hendingar, som går over fleire bøker. Eit anna grep som Kurt Aust bruker, er at Petter Hortten skriv ned desse fortellingane fleire tiår etter at hendingane skjedde. Han fortel til folk, på sine gamle dagar, om opplevingane i frå ungdomen då han var i teneste med professoren. Vredens dag har gått som høyrespel i Radioteateret med Nils Ole Oftebro som Thomas af Boueberge.