Kvit pizza eller pizza bianca er ein italiensk pizza utan tomatsaus. Tomatsausen er ofte erstatta av kvit saus, for eksempel laga av rømme,[1] pesto,[2] eller creme fraiche.[3] Ein typisk kvit pizza består av deig, olivenolje, lauk og ost.[4]
Kvit pizza blei fyrst laga i Roma.[4] Pizzaen blei laga enkelt, og minte gjerne meir om brød enn pizza. Pizzaen blei ofte servert til skulebarn når dei kom heim frå skulen, før middag, eller som brød ved sida av anna mat, som pasta eller kjøtretter.[5]