Kviteseidvatnet

Kviteseidvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Kviteseid
Høgd over havet 69.5-72 moh.
Areal 15,76 km²
Middeldjupn 92 m
Største djupn 201 m
Volum 1,45 km³
Kystlengd1 26,94 km
Koordinatar 59°22′55″N 08°27′53″E / 59.38194°N 8.46472°E / 59.38194; 8.46472
Kart
Kviteseidvatnet
59°21′N 8°34′E / 59.35°N 8.57°E / 59.35; 8.57
Wikimedia Commons: Kviteseidvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Kviteseidvatnet er ein innsjø i Kviteseid kommune i Telemark. Innsjøen er ein del av Telemarkskanalen, og høyrer til Skiensvassdraget.

Kviteseidvatnet har dei to tilløpa sine frå vest. Dette frå det vesle vatnet Sundkilen og via «Straumen» frå Bandak. I aust held «Straumen» fram og vatnet spring ut til Flåvatn. På grunn av oppdemminga av Flåvatn (Hogga sluse) er det ingen høgdeskilnad mellom desse fire vatna.