L'Estro Armonico, Op. 3, («Harmonisk inspirasjon» på italiensk) er ei samling av tolv solokonsertar ein, to og fire fiolinar skriven av Antonio Vivaldi og publisert i Amsterdam i 1711. Dette var den første solokonsertsamlinga til Vivaldi og eit av dei viktigaste verka frå denne tida, som inspirerte mange komponistar, som lagde tusenvis av imitasjonar på første halvdel av 1700-talet. Samlinga la i røynda grunnlaget for solokonsert-formatet på 1700-talet.[1] Ho forsterka ryet til Vivaldi som Il Prete Rosso (Den raude presten). Vivaldi-forskaren Michael Talbot gjekk så langt som å seie at «verka er kanskje den viktigaste samlinga av instrumental musikk som kom på heile 1700-talet».[2]
Samlinga vart stort sett sett saman i kronologisk rekkefølgje. Desse konsertane vert ofte kalla concerti grossi sidan det vert nytta eit concertino-aktig ensemble (solocello er ofte nytta).
Samlinga var tileigna storhertug Ferdinand av Toscana.
![]() |
|
||||||||||||||||||||||||||||
Problem med å høyra desse filene? Sjå mediahjelp. |
Verka har følgjande satsar
L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 1 i D-dur for fire fiolinar og strykarar, RV 549:
L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 2 i G-moll for to fiolinar, cello og strykarar, RV 578:
L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 3 i G-dur for fiolin og strykarar, RV 310:
L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 4 i E-moll for fire fiolinar og strykarar, RV 550:
L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 5 i A-dur for to fiolinar og strykarar, RV 519:
L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 6 i A-moll for fiolin og strykarar, RV 356:
L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 7 i F-dur for fire fiolinar, cello og strykarar, RV 567:
L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 8 i A-moll for to fiolinar og strykarar, RV 522:
L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 9 i D-dur for fiolin og strykarar, RV 230:
L’Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 10 i H-moll for fire fiolinar, cello og strykarar, RV 580:
L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 11 i D-moll for to fiolinar, cello og strykarar, RV 565:
L'Estro Armonico, Op. 3, Konsert nr. 12 i E-dur for fiolin og strykarar, RV 265:
Johann Sebastian Bach transkriberte seinare seks konsertar frå denne samlinga. Konsertane nr. 3, 9 og 12 vart arrangert for klaver og er katalogisert som BWV 978, 972 og 976. Konsertane nr. 8 og 11 vart solokonsertar for orgel, BWV 593 og 596. I tillegg vart dei konsert nr. 10 omarbeidd til Konsert for fire cembalo og strkarar, BWV 1065.