L.A. Turnaround Studioalbum av Bert Jansch | ||
Utgjeve | September 1974 | |
Innspelt | kring april til juni 1974 i Luxford House i Crowborough i Sussex og Sound City i Sepulveda i California; to spor tidleg i 1973 frå CBE Studios i Paris | |
Sjanger | Folkrock, countryrock | |
Lengd | 49:21 | |
Selskap | Charisma | |
Produsent | Mike Nesmith; Danny Thompson on «Chambertin» and «Lady Nothing» | |
Bert Jansch-kronologi | ||
---|---|---|
Moonshine (1973) |
L.A. Turnaround | Santa Barbara Honeymoon (1975)
|
L.A. Turnaround er det niande studioalbumet til den skotske visesongaren Bert Jansch. Det kom ut i 1974.
Etter at Pentangle vart oppløyst, spelte Jansch inn albumet i heimen til Tony Stratton-Smith i Crowborough i Sussex og i eit studio i California. Det vart produsert av tidlegare Monkee og countryrock-artist Michael Nesmith med unntak av to songar («Chambertin» og den tidlegare bandkollegaen John Renbourn sin «Lady Nothing») som vart spelte inn i Paris eit år tidlegare. Ein kortfilm vart produsert under innspelingane i Sussex.
Blant gjesteartistane på albumet finn ein Klaus Voorman (bassgitar), Red Rhodes (pedalsteelgitar), Byron Berline (fele, mandolin) og Jesse Ed Davis (gitar).
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
I meldinga si for Allmusic skreiv kritikaren Thom Jurek om albumet: «Albumet vart hylla då det kom ut som eit eksemplarisk verk, og dette heldt stand på 2000-talet. Settet vandrar gjennom ein frodig hage som står mellom tradisjonell engelsk folk, som Jansch hadde meistra, og ein slags lett countryrock. Dette er enkelt og greitt eit av meisterverka til Jansch, og eineståande i ein lang og rik karriere.»[1]
Alle songar er skrivne av Bert Jansch, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Fresh as a Sweet Sunday Morning» | 3:58 |
2. | «Chambertin» | 4:05 |
3. | «One for Jo» | 2:39 |
4. | «Travelling Man» | 2:48 |
5. | «Open Up the Watergate (Let the Sunshine In)» | 2:40 |
6. | «Stone Monkey» | 3:11 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
7. | «Of Love and Lullaby» | 2:29 |
8. | «Needle of Death» | 3:24 |
9. | «Lady Nothing» | 2:33 |
10. | «There Comes a Time» | 2:38 |
11. | «Cluck Old Hen» (trad.) | 3:11 |
12. | «Blacksmith» | 3:30 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
13. | «Open Up the Watergate (Let the Sunshine In)» (alternativ utgåve) | 3:38 |
14. | «One for Jo» (alternativ utgåve) | 2:41 |
15. | «Blacksmith» (alternativ utgåve) | 3:40 |
16. | «In the Bleak Mid Winter» | 2:24 |