Lambertseter stadion er eit idrettsanlegg på Lambertseter i Oslo. Sjølve stadionet er kjøpt og eigt av Bydel Nordstrand.
Lambertseter stadion vart brukt som hovudfotballbane og friidrettbane for Oslo medan Bislett stadion vart renovert i 2004. Det er tidlegare brukt av Mercantile Ski- og Fotballklubb og Fotballklubben Manglerud Star Oslo til heimekampane deira. I dag vert det brukt som heimefotballbane for Lambertseter Idrettsforeining[1] og andre lag, ved at dei søkjer til Oslo kommune. Lambertseter stadion er tredjevalet til treningsstadion for Noregs herrelandslag i fotball (etter Ullevaal Stadion og Bislett stadion). Dei trena der seinast i 2007.
Rundt fotballbanen er det ein gymmertløpebane. Stadionet har ingen klubbhus, men garderobane til Lambertseter Idrettsforeining kan brukast. Stadionet har berre ståplassar på den eine langsida av banen. Det har også eit kommentatorhus, høgtalarar og lyskastarar.
Banen vart brukt av Lambertseter Skøyteklubb frå 1968 til 1986 og har følgjande banerekordar med skøyteløp:
Distanse | Tid | Namn | Dato |
500 m | 38,3 | Frode Rønning | 20. feb 1983 |
1000 m | 1.17,9 | Frode Rønning | 20. feb 1983 |
1500 m | 2.03,1 | Kai Åre Engelstad | 20. feb 1983 |
3000 m | 4.23,61 | Alf Rekstad | 24. feb 1979 |
5000 m | 7.31,6 | Frode Syvertsen | 11. feb 1984 |
sprint-komb. | 155,000 | Frode Rønning | 19.-20. feb 1983 |
38,5-1.18,5-38,3-1.17,9 | |||
liten komb. | 173,010 | Sondre Kvaalen | 19.-20. feb 1983 |
40,4-4.27,3-2.04,5-7.45,6 | |||
500 m | 45,2 | Lisbeth Korsmo | 19. feb 1977 |
1000 m | 1.34,2 | Grethe Viksås | 6. jan 1979 |
1500 m | 2.30,0 | Bjørg Eva Jensen | 7. feb 1976 |
3000 m | 5.15,5 | Bjørg Eva Jensen | 8. feb 1976 |
sprint-komb. | 190,600 | Ann-Mari Tollefsen | 6.-7. jan 1979 |
46,5-1.34,5-48,2-1.37,3 | |||
mini-komb. | 198,583 | Bjørg Eva Jensen | 7.-8. feb 1976 |
47,5-2.30,0-1.37,0-5.15,5 |
Lambertseter stadion har òg vorte brukt til større arrangement i friidrett. Clean Air Game sitt arrangement i 2018 gav to - eller eigenleg fem - norske rekordar. Lene Retzius betra norgesrekorden i stavsprang heile tre gongar og enda på 4,50 meter, medan Eivind Henriksen betra rekorden i sleggekast to gongar og enda med ei notering på 76,66 meter.[2]