Langhus er ein tettbygd stad i Nordre Follo kommune i Akershus. Staden har om lag 15 000 innbyggjarar og er spreidd ut over eit relativt stort område.[1] Langhus har fleire sentra, som Bøleråsen og Vevelstad (Langhussenteret). To togstasjonar, kyrkje, ungdomsskule, tre barneskular og idrettsanlegg.
Tettstaden har i alle hovudsak vakse fram etter 1980, og veks framleis. Langhus var tidlegare eige tettstad, men har vakse inn i tettstaden Oslo.[1]
Tettstaden har vore omtala som «de endeløse gangveiers hjemsted»,[treng kjelde] og er heimstaden til black metal-gruppa Mayhem.