Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Full namn | Lars Henrik Bakkerud | ||
Fødd | 1. juni 1971 | ||
Fødestad | Larvik i Noreg | ||
Spelarposisjon | Midtbane | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande klubb | Lagt opp | ||
Ungdomskarriere | |||
Fram Larvik | |||
Seniorspelar* | |||
År | Lag | Kmp (mål)† | |
1992-1998 | Brann | 100 (2) | |
1998 | Panionios | 12 (0) | |
1999-2002 | Helsingborg | 55 (3) | |
2003 | Hønefoss | 6 (0) | |
Trenarlag | |||
2013 | Fredrikstad | ||
* Kampar og mål for klubblag er berre rekna for den heimlege ligaen. † Kampar (mål). |
Lars Henrik Bakkerud (fødd 1. juni 1971) er ein tidlegare norsk fotballspelar og i dag fotballtrenar. Han spelte for fleire klubbar, bl.a svenske Helsingborg, greske Panionios og Hønefoss BK. Tidlegare i karrieren spelte han for Fram Larvik.
Bakkerud er mest kjend for tida si i Sportsklubben Brann der han spelte frå 1992 til 1998. Han var ein av dei viktigaste spelarane til Brann på 1990-talet.
Lars Bakkerud var på sitt aller beste og i landslagsbiletet då han pådrog seg eit stygt beinbrot. Dei siste åra i Brann var prega av skadar, og han forlét klubben i 1998, til fordel for greske Panionios. Sidan spelte han i svenske Helsingborg, der han òg vart svensk meister. Sportsklubben Brann tapte første kampen med Bakkerud mot Ham-Kam.
Han er for tida hovudtrenar for Fredrikstad. Tidlegare har han vore spelarutviklar i Brann og Helsingborgs IF.
|