Lars Grini | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. juni 1944 (80 år) Gran kommune |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Skihopping under Vinter-OL 1968 – Stor bakke |
Lars Grini (fødd 29. juni 1944) i Gran, er ein norsk, tidlegare skihoppar. Han vann bronsemedaljen i storbakkerennet under Vinter-OL 1968 i Grenoble, og vann to år seinare ein ny medalje av same valør under verdsmeisterskapen i Štrbské pleso, den gongen i normalbakken. Tidlegare, i 1967-sesongen, sette han verdsrekord i skiflyging i Oberstdorf med eit hopp på 150 meter. Han tevla for Ski- og fotballklubben Lyn.
Grini slo gjennom i 1965-sesongen. Etter å ha vunne bronsen under noregsmeisterskapen i normalbakken Midstubakken, bak Bjørn Wirkola og Torgeir Brandtzæg, imponerte han stort under Holmenkollrennet i mars. Han forbetra den årsgamle bakkerekorden i Holmenkollbakken med to meter til 89 meter. Grini enda på andreplass, 1,2 poeng bak vinnaren av tevlinga, Dieter Neuendorf.
To år seinare var Grini tilbake i toppen, vann Svenska skidspelen, men vert særleg hugsa for verdsrekorden som han sette i skiflygingsbakken i Oberstdorf. Med eit hopp på 150 meter forlenga han rekorden for verdas lengste skihopp med fire meter.
I 1968 vart Grini beste nordmann under OL-rennet i storbakken og vann bronsemedaljen. Han vart nummer 13 i normalbakken. Ny bronse kapra han under verdsmeisterskapen i Strbske Pleso i 1970, då i normalbakken, i storbakken vart resultatet ein 11. plass.
Same sesongen, 1970, vart Grini noregsmeister fyrste gongen, han vann då normalbakkerennet i Trondheim. Sidan fekk han to til NM-gull, i 1973 og 1974, det siste i storbakken. I alt vann Grini tre gullmedaljar, like mange sølvmedaljar og fire bronsemedaljar under NM-hopprenn.
Grini la opp som skihoppar i 1976. Sidan dreiv han oppdrett av travhestar heime på Gran.