Lars Myraune | |||
| |||
Fødd | 5. august 1944 (80 år) Frosta | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar, bonde, offiser | ||
Utdanna ved | Handelshøyskolen BI Luftkrigsskulen Stabsskolen Forsvarets høgskole | ||
Alle verv |
|
Lars Myraune (fødd 5. august 1944 på Frosta) er ein norsk politikar frå Høgre. Han har vore vald inn på Stortinget frå Nord-Trøndelag fylke sidan 2009, og er dessutan leiar i Nord-Trøndelag Høgre frå 2008. Han var ordførar i Frosta kommune 2003–2009. Myraune var Høgre sin talsmann for IKT og luftfart.[1] Myraune har bakgrunn frå gardsdrift og Luftforsvaret, og avslutta den militære karrieren sin med generalmajors grad i 2002.
Myraune vart fødd på Frosta i 1944, som son av gardbrukar Gustav Myraunet (1917–1984) og husmor Julianne Sandvik (1913–1998). Han fullførte grunnskulen i 1958, gjekk framhaldsskule 1958–1960 og ungdomsskule 1961–1962. Han avla seinare examen artium som privatist i 1969. Myraune hadde tenkt å gå vegen som journalist, men gjekk heller inn i Luftforsvaret.[2] I mellomtida gjekk han befalsskule i Luftforsvaret i Stavern 1965–1966. Myraune vart uteksaminert frå Luftkrigsskolen i Trondheim i 1971, og har fullførte studiar som systemanalytikar frå NATO i Tyskland frå 1976. Same år studerte han også bedriftsøkonomi ved Bedriftsøkonomisk Institutt (BI). Han fullførte seinare Forsvarets stabsskole II i 1984, og totalforsvarskurset til Forsvarets høgskole i 1994.[3]
Myraune var sambandsbefal ved Bardufoss flystasjon 1966–1967, i tillegg til instruktør og lærar ved sambandsskolen i Luftforsvaret 1967–1969. Radarkontrollør på Gråkallen 1971–1975 og i Kautokeino 1977–1979. Ha var systemanalytikar på Mågerø 1979–1982. Han var tilbake i Trøndelag i 1980-åra då han var lærar og programsjef ved Luftkrigsskolen 1983–1987 og nestkommanderande ved Luftkontrollinspektoratet 1987–1990. Han tok dessutan over farsgarden Myraunet i 1982. Commander Mission Support Wing i Tyskland 1990–1994, luftkontrollinspektør i Kongsvinger 1994–1999, og assisterande stabssjef hos AirNorth Ramstein GE 1999–2002. I 2002 vart han generalmajor.
Myraune starta sitt politiske engasjement som 17-åring i Ungdommens kommunestyre på Frosta. Han var seinare medlem av Frosta kommunestyre 1983–1985, og var varaordførar 1985–1989. Han kom seinare tilbake til Frosta, og vart vald inn i kommunestyret i 2003. Myraune vann då til slutt kampen om ordførarvervet mot Anna Ceselie Brustad (Sp). Myraune var i sin verkeperiode fram til 2009, den einaste Høgre-ordføraren i Nord-Trøndelag.
I 2007 vart han vald på nytt etter at Høgre gjorde eit valskred og vart største parti med 37,8 prosent av stemmene (9 representantar), ein auke på 19,1 prosentpoeng frå 2003.[4][5][6][7] Myraune hadde då fått halvparten av stemmene, inkludert «slengere».[8] På førehand hadde Myraune gjeve «deltidsfrostingane» mykje merksemd, og kommenterte at «det er viktig å ha ein god dialog også med desse, for på sikt kan dei kanskje verte heiltidsfrostingar», og bidrog til at det stadig vart lagt inn nye hytte- og bustadfelt i arealdelplanen til kommunen.[4] Høgre var også spådd å gjere eit særs godt val i kommunen, ifølgje Trønder-Avisa som eit resultat av at Myraune var ein «tydeleg og profilert ordførar» som også «samla tillit på tvers av partigrensene».[9] Dessutan meinte Myraune at det var viktig med direkte kontakt med innbyggjarane, som han, ifølge han sjølv, brukte mykje tid på.[8] På førehand utelukka ein derfor ikkje at Høgre kunne få reint fleirtal i kommunestyret, med 11 av 21 representantar.[9]
Han gjekk av som ordførar då han vart stortingsrepresentant, og vart etterfølgt av dåverande gruppeleiar Frode Revhaug (H).[10]
I februar 2008 vart Myraune vald til ny leiar i Nord-Trøndelag Høgre. Han vart seinare nominert til 1. kandidaten til partiet for Stortinget ved stortingsvalet 2009.[11] På valdagen 14. september vart han vald inn på Stortinget på utjamningsmandat. Han vart dermed Høgres første representant frå Nord-Trøndelag sidan 1993, den første stortingsrepresentanten som vart vald inn frå Frosta sidan 1921[12], og bidrog til at Høgre fekk representantar frå alle fylke for første gong sidan 1985. Myraune er medlem i Stortingets transport- og kommunikasjonskomité.[13] Han er også medlem av Stortingets delegasjon til Den vesteuropeiske union.
Myraune reknast som ein del av «bunads-Høgre», saman med andre stortingsrepresentantar som Bent Høie, Trond Helleland, Elisabeth Røbekk Nørve, Svein Harberg, Bjørn Lødemel og Frank Bakke Jensen.[14][15][16] Myraune reknar styrking av lokaldemokratiet, færre sentrale avgjersler og fleire levande bygdesamfunn som sine viktigaste kampsaker.[17][18][19] Han er også ein uttalt motstandar av sentralisering og av tilbaketrekking av norske styrkar frå Afghanistan.[15]
I 1995 vart Myraune tildelt den kuwaitiske frigjeringsmedaljen for å ha delteke i Gulfkrigen 1990–1991.[20] Same år fekk han audiens hos kong Harald V.[21] I 2001 vart Myraune utnemnd til riddar av Storhertug Gediminas av Litauens orden.