Lasse Ottesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. april 1974 (50 år) Oslo |
Idrett | kombinert, skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1998, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Normalbakke |
Lasse Ingier Ottesen (fødd 8. april 1974) i Aurskog er ein norsk tidlegare skihoppar og seinare trenar. I 1994 vann han OL-sølv i normalbakken, bak landsmannen Espen Bredesen.
Ottesen debuterte i verdscupen i mars 1991 i Trondheim. Ni gongar kom han på sigerspallen i verdscupen, av dei var tre andreplassar og seks tredjeplassar. Frå 1993- til 2000-sesongen høyrde han til verdseliten i skihopping. Beste plassering samanlagd i verdscupen var niandeplassen i 1994-sesongen. I 1997 sette han ny verdsrekord i Planica med eit hopp på 212 meter, ein rekord som heldt seg to år.
Ottesen deltok i vinter-OL 1992 i Albertville og vart nummer 45 i begge renna. I ski-VM 1993 i Falun mislukkast han på nytt. Høgdepunktet som skihoppar opplevde han på Lillehammer under dei olympiske leikane i 1994. Han vann sølv i normalbakken og kom på sjetteplass i storbakken, i tillegg var han med på det norske laget som vart nummer fire i lagtevlinga. Under ski-VM i Thunder Bay i 1995 hoppa han godt i storbakken og vart nummer fire, i normalbakkerennet hamna han langt nede på resultatlista. Også under ski-VM 1997 i Trondheim og 1999 i Ramsau måtte ein ned på resultatlistene for å finne Ottesen sitt namn. I mellom dei to meisterskapane hadde han vorte nummer 10 i storbakken i OL 1998 i Nagano. I skiflygings-VM vart han nummer fem både i 1994 i Planica og i 1998 i Oberstdorf, samt fekk ein niandeplass i Vikersund i 2000. Ottesen vart noregsmeister fem gongar, og fekk elles med seg to medaljar av kvar av valørane sølv og bronse. Han var medlem i Aurskog-Finstadbru Sportsklubb.
Han la opp i 2001.
Ottesen var hopptrenar for det norske kombinertlandslaget 2001-04, og for skiforbundet i USA i perioden 2004-08.
Hausten 2012 deltok Ottesen i Skal vi danse på TV 2.[1]